I skrivande stund er eg i ferd med å tilpasse meg det faktum at eg er attende i Bergen som i anledning frigjeringsdagen syner sitt klimatiske særpreg. Kvar dag den siste veka eg var i Bolivia skjedde noko verdt å skrive om, og sidan eg ikkje rakk å skrive om det med det same må eg gje eit samandrag.
Ein eg ikkje kan unnlate å nemne er Alejandro. For eit halvt år sidan jobba han med nokre ledningar på eit stillas, fekk støt og datt ned 3-4 meter. Han vart lam frå livet og ned og har gått frå å vere forsørgar til totalavhengig. No bur han saman med mora, søstrene, ei niese og ein svoger i ein landsby utanfor Cochabamba. Eit pastorpar tilknytta menigheita La Palabra de Fe tok oss med til han og vi bad for han. Etter ei veke reiste vi dit igjen og held fram med å be. Vi såg Guds kraft ved tru verke i Alejandro. Tidlegare har han berre bevegd seg ufrivilleg og hatt delvis følelse i huda av og til. Han har gått til elektrosjokkterapi for musklane og brukt eit korsettaktig belte som støtte for ryggen i treninga. Då vi bad skjedde det ting. Han tok til å bevege beina, først ei tå og så låra. Det var ikkje ufrivilleg slik som før, men han kontrollerte sjølv rørslene. Sjølvsagt har eit halvt år til sengs sett sitt preg og han har ikkje muskelmasse nok til å bevege seg fritt, men det var nerveimpulsar frå hjerne til muskel som ikkje var til å ta feil av. Han ville prøve å stå, og med to som støtta han mellom seg skubba han frå i golvet under seg. Korsettet han hadde brukt trengte han ikkje, ryggsmerter var det ikkje spor av. Vi har oppretta eit fond for opptrening av Alejandro slik at han kan få den terapien han treng. Det vi såg er starten på eit under, eit under undervegs. Ingenting er umogeleg for Gud!

Vi har også latt oss sjølve lamslå av den utruleg kule naturen i Bolivia. Vi køyrde opp til ca 4800 moh og skulle derifrå gå opp til ca 5400. Sjølve byen Cochabamba er på 2500, så litt høgdetrening hadde vi, men ikkje all verden. Når kvilepuls er 120 og du vert kortpusta av å ete veit du at du er høgt oppe! Vi gjekk i nesten to timar oppover med jamnlege pausar, steinplukking, fotosessions og djup, konsentrert pusting. På toppen såg vi byen i det fjerne, spisse steintoppar på alle kantar og ein og annan tøffing av ein lama. Ned att sprang vi i den singelaktige steinmassen medan vi lo opp det vi hadde av ekstra luft. Det heile var ei fantastisk om enn halvabsurd oppleving. Absolutt å anbefale!
Same kveld skulle vi undervise på ein liten bibelskule og eg oversette i tre timar, noko som gjekk mykje lettare enn eg hade frykta. Dessutan har vi vore på dugnad og mala menigheitslokalet, vi har vore på marknaden og fylt kofferten og gjort ein del andre småting som ikkje er like interessant for alle. Det som for meg har betydd mest er den kontakta vi har fått med enkeltpersonar og korleis vi har fått bringe noko positivt i forskjellige menneske sine liv.
Akkurat når vi var vande til tid og mat og var blitt kjent med folka var det tid for retur. Etter nokre dagar i heimlandet er vi framleis passe døgnville og eg for min del hadde gjerne blitt lenger i Bolivia. Men det er godt å vere heime og.