Det er ikkje meininga at denne bloggen skal døy, den har berre hatt ein tørkeperiode ei stund, dvs. eg har blitt oversvømt av andre ting. Berre vent, eg kjem sterkt attende!
Ein av dei tinga som har oppteke meg, utanom at skulen nermar seg avslutning med eksamen og slikt, er at eg førebur meg på eit halvt år utveksling i Kina og 30 studiepoeng i mandarin (kinesisk) frå og med hausten. Eg aktar å blogge frå Kina, men eg veit ikkje heilt korleis enno. WordPress er blant dei sidene som vart sperra av kinesiske myndigheiter i anledning 20-års jubileet for studentopprøret på Tiananmen, Den Himmelske Freds Plass. Eg veit ikkje om det er midlertidig eller kva som er greia. Eg er så vidt begynt å innsjå kor overveldande mykje eg ikkje veit om Kina. Håpar å finne ut litt i det minste. Spanande, spanande!
Difor ++ har eg ikkje blogga. Jaja.
Du får skaffe deg ein medsammensvoren her i Norge, da, som kan ha brukernavn og passord til bloggen din og som du kan sende blogginnlegg og evt. bilder til, så vedkommende kan legge de inn! Ein trenger jo ikke gjøre det vanskeligere enn nødvendig
takk, godt tips:)