Kjære blogglesarar og andre som forvillar seg hit,
Frå no av kan de følgje meg på:
camillaiverda.net
Eg reiser til Kina den 24. juli og skal etter planen vere der til 24. januar. Eg har høyrt at wordpress er blokkert i Kina og eg har difor flytta bloggen min til ei ny adresse som eg håpar å kunne ha fri tilgang til frå Kina. Layouten er litt annleis, men innhaldet er det same sånn i det store og det heile.
Håpar de tykkjer det er umaken verdt å klikke dykk vidare! Om det vert som eg førestiller meg kjem eg til å skrive ein del om mine opplevingar på reise og som fastbuande i Kina. For meg er Kina eit utruleg merkverdig land, og eg har oppdaga med gru kor mykje eg ikkje anar om Kina. Eg har lese eit par bøker, Ville svaner av Jung Chang og Kina – en reise på livets elv av Torbjørn Færøvik. Begge veldig gode bøker som stadig får meg til å kjenne meg heilt grønn på kinakunnskap. Og no fer eg til Kina.
Kommenter innlegget